Innbyggjar-pakka

Målgruppe: Alle innbyggjarar i alle aldersgrupper, seniorar (dei godt vaksne) samt
lag, organisasjonar og frivillige som skapar møteplassar for seniorar og innbyggjarar generelt.

Heimerehabilitering

(Dei godt vaksne)
Me kjem heim til deg og gir deg veiledning og hjelp i fysisk aktivitet.

Livsstils-kurs

(Innbyggjarar generelt)
Frisklivskurs med bruk av IKT. Frisklivskurset er eit individuelt opplegg med fokus på kosthald, fysisk aktivitet og psykisk helse. Deltakaren gjennomførar eit opplegg over eit avtalt tidsrom, f.eks
seks veker og einkvar set seg eigne mål for kva han/ho vil oppnå i løpet av
perioden.

Ein nyttar nettsida www.frisklivfinnoy.no som verktøy, eller får individuell oppfølging dersom ein ikkje er på nett.

Snus og røykeslutt kurs

(Innbyggjarar generelt)
Her kan du få tilbod om kurs, då det ofte er lettare å slutte saman med andre.

Søvnkurs

(Innbyggjarar generelt)
Om du får for lite søvn?? Eller er uopplagt i løpet av dagen. Då kan eit søvnkurs vera noko for deg.

Førebyggjande heimebesøk

(Dei godt vaksne)
Alle som fyller 75 år vil motta eit brev frå kommunen der dei får tilbod om: Synfaring i heimen om moglige, enkle forbetringar som kan endras eller kjøpas inn som kan gje deg tryggare funksjon. Eller du kan få veiledning ang fysisk aktivitet, kosthald, sosial møteplasser i omegn etc. Dette er frivillig, gratis og meint kun som inspirasjon.

Motivasjonskurs

(Innbyggjarar generelt)
Veit du kva du burde gjera, men syns det er vanskelig å gjennomføra?? Då er dette kurset noko for deg.

JuztMove

(Innbyggjarar generelt)
– sosiale møteplassar/ treningsverktøy. Laget eller organisasjonen som er koordinator for opplegget får tilgong til nettsida www.juztmove.no Her ligg det ein mengde treningsvideoar. Juztmove
– ein nettstad for masse spennande trening, for ung og eldre. Juztmove er ikkje berre eit treningsenter på nett, men inneheld treningsvideoar som kan nyttast av alle. Her finn du alt frå rolege yoga timer til sjølvforsvar og hipp hopp. For å finne dei ulike treningsformene kan du gå til søkjefeltet på nettsida og skrive det du leitar etter.

Når du er logga inn kan du også søkje i heile videobiblioteket for å finne treningsvideoar som passar for deg eller bedrifta. Juzt Move kan organiserast i lag med andre:
– På felles møteplassar, eller nye møteplassar der ein gjennomførar øvelsar
– Individuelle øvelsar som kan nyttast heime.

Organisasjonen/ laget vil få besøk av ein instruktør i starten som vil visa korleis ein kan gjennomføre øvelsane. Ein finn så ein person i lokalmiljøet som koordinerer den vidare organiseringa av treninga,- veileder.

Send forespørsel!