Næringsliv-pakka

For offentlige og private bedrifter i Finnøy.
Dette er eit tilbod til bedrifter og dei tilsette i bedriftene. Innleiande individuell samtale med tilsette (fagfolk) i Frisklivsentralen for kartlegging av nå-situasjon, mål for deltakaren og kva for aktivitetar den tilsette vil prioritere.

Motivasjon kan vera ei utfordring å finne fram til når ein ønskjer å endra livsstil. Gjer arbeidsplassen til ein arena der ein saman kan gjere endring til det betre for helsa!

Gi deg sjølv betre helse, saman med oss.

AKTIVITETAR

Livsstil-kurs

Frisklivskurs med bruk av IKT. Frisklivskurset er eit individuelt opplegg med fokus på kosthald, fysisk aktivitet og psykisk helse. Deltakaren gjennomførar eit opplegg over eit avtalt tidsrom, f.eks seks veker og set seg eigne mål for kva han/ho vil oppnå i løpet av perioden.

Ein nyttar nettsida:
www.frisklivfinnoy.no som verktyg.

JuztMove

Bedrifta og tilsette får tilgong til nettsida www.juztmove.no. Her ligg det ein mengde treningsvideoar.

Juztmove  – ein nettstad for masse spennande trening
Juztmove er ikkje berre eit treningsenter på nett, men inneheld treningsvideoar som kan nyttast av alle. Her finn du alt frå rolege yoga timer til sjølvforsvar og kamsport timar. For å finne dei ulike treningsformene kan du gå til søkjefeltet på nettsida og skrive det du leitar etter. Til døme skriv du Yoga, då kjem alle videoar med Yoga opp i ei liste over desse programma.

Når du er logga inn kan du også søkje i heile videobiblioteket for å finne treningsvideoar som passar for deg eller bedrifta.

JuztMove kan organiserast:

  • Bruk pausetid i bedrifta og gjennomføre
    felles økter
  • Individuelle øvelsar som kan nyttast i fritid.

Bedrifta vil få besøk av ein instruktør i starten som vil visa korleis ein kan gjennomføre øvelsane. Bedrifta finn så ein eller fleire i si bedrift som kan koordinere arbeidet vidare og gjere treninga til ein rutine i bedrifta.

Send forespørsel!